Det som før var ein enkel fjelltur, kan brått bli livsfarleg.
Nyleg kollapsa den øvre delen av Gjertvassbreen i Jotunheimen. Det er eit varsel om at ferdsel i dei høgste fjellområda våre blir meir risikoutsett.
Med det enorme bre- og fjellskredet i Nepal friskt i minne, vart skredet i Jotunheimen ei påminning om at også høgfjellet i Noreg er påverka av klimaendringane.
I Alpane blir populære fjelltoppar stengt for ferdsel og fjellhytter lyt halde stengt grunna stor steinsprangfare, som igjen skuldast varmt vêr.
Gjertvassbreen i Jotunheimen etter skredet i september.
Foto: Christian NessetEin nyleg avslutta studie viser at også i Jotunheimen er turgåarar utsette for risiko som følge av klimaendringane. Brekollaps, isskred og steinsprang er meir sannsynleg og kan ramme turistar og infrastruktur.
Fleire brear kan kollapseDei fleste brear er langt unna både turstigar og turistar, men nokre kan utgjere ein risiko. Til dømes er øvre del av Styggedalsbreen i Jotunheimen utsett for same type kollaps som nabobreen Gjertvassbreen.
Ei simulering av ein slik kollaps syner at ismassane vil kunne råke ferdsel. Rett nok ikkje mykje ferdsel, men på «varmekartet» til den populære treningsappen Strava kan ein sjå at det er noko trafikk der.
Andre plassar kan isskred treffe vatn og elvar, som igjen kan gje styrtflaum.
Auka temperatur aukar faren for steinsprang over populære turstiar. Oppvarming og tining av permafrost gjer at fjellvegger og ur mister det frosne bindemiddelet sitt. Dermed losnar steinmassar lettare, særleg utover seinsommaren og etter varmebølgjer.
I august 2024 omkom ein utanlandsk turist etter eit steinsprang mot ein mykje brukt sti langs Gjende.
Stien langs Gjende i Jotunheimen etter steinspranget som kosta ein turgåar livet.
Foto: Dag Inge BakkeVi har analysert kvar steinsprang og flaumskred kan gå, og kva dei kan treffe. Resultata viser at det som i utgangspunktet er ein fin tur i enkelt terreng, brått kan bli forbunde med livsfare.
Fleire utanlandske turistarSamstundes aukar trafikken i fjella jamt og trutt, og det er særleg talet på utanlandske turistar som aukar. Kombinasjonen av auka sannsynlegheit for naturfarehendingar og fleire «ukunnige» turistar aukar risikoen for alvorlege ulykker til fjells.
I enkelte av desse ulykkene kan mange komme til skade på ein gong, og det kan bli ei utfordring å evakuere mange hardt skadde menneske frå vanskeleg tilgjengeleg terreng.
Redningsmannskap øver på å frigjere ein person.
Foto: Albert LundeFjellandskapet er i endring, men om ein veit at ein bør ta ekstra omsyn kring bratte brear, bratt ur og under fjellvegger, spesielt etter langvarig varmt vêr eller mykje nedbør, kan ein unngå risiko.
For å førebygge ulykker er det behov for betre varsling til turgåarar om utrygge tilhøve. Å ferdast trygt i bratte fjell har alltid kravd kunnskap og ferdigheiter, men klimaendringane gjer at det krevst ekstra aktsemd.
Fleire turar som før vart rekna som trygge, må i større grad leggast om eller unngåast. Eit døme på dette er den sokalla normalvegen på Falketind, der hyttevertar og guidar frårår ferdsel på grunn av auka steinsprangfare.
Til høgre ligg Falketind. Mellom fjelltoppane går stien inn i Koldedalen, ein tidlegare mykje brukt og trygg turveg.
Foto: Bernd EtzelmüllerUtfordringa ligg i å kommunisere kunnskapen ut til turgåarane. Dei treng informasjon om område som no er meir utsette for steinsprang, om stiar ein bør unngå, om brear som blir mindre og gjer gamle ferdselsvegar utrygge.
Betre varslingTidlegare forskingsrapportar frå Jotunheimen viser korleis turgåarane forheldt seg til mange ulike informasjonskjelder.
Blant turgåarane er det både lokalkjende som har trava heile livet i Jotunheimen og ein aukande del som er der for fyrste gong. Nokon nyttar guide, dei fleste ikkje.
Å nå ut med oppdatert informasjon til ei så ueinsarta gruppe er ei formidabel utfordring. Tidlegare og tydelegare varsling av auka fare for steinsprang og skred vil kunne bidra til at fjellturistar vel bort dei mest risikofylte rutene på dei verste dagane.
Vår studie har fått fram endringane som skjer, korleis desse vert oppfatta av reiselivsaktørar i delar av Jotunheimen, og kva for utfordringar som ventar redningstenesta.
Vi tilrår å opprette eit lokalt «klimafareforum». Det kan vere ein fast arena der nasjonalparkforvaltninga, hyttevertar, guidar og redningstenesta kan dele kunnskap og samarbeide om praktiske tryggleikstiltak.
Ein modell for eit slikt forum kan vere samarbeidet mellom kommunar, verneforvaltning og turistnæringa om Besseggen.
Vidare tiltak ovafor fjellturistar kan vere varsling med oppslag eller skjermar på turisthyttene og omlegging av stiar. Slik kan vi møte dei klimaskapte endringane i Jotunheimen på ein aktiv og systematisk måte.
Med auke i besøk og samtidige endringar i landskapet ser vi òg at forvaltninga treng meir ressursar til skadeførebyggjande arbeid.
Publisert 25.10.2026, kl. 17.35
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Laksefisket blir avgrensa på Nordmøre | 0 | 5 | 08-07-2026 |
| 2 | Noen av verdens råeste kommer til Norge | 0 | 10 | 12-08-2026 |
| 3 | Nordnytt: Fisket i gang igjen etter ti år | 0 | 5 | 01-07-2026 |
| 4 | Nå er det knusktørt og fare for brann | 0 | 5 | 09-07-2026 |
| 5 | Tredje moskus felt i Sunndal: Marit gjekk seg på moskus på bærtur | 0 | 6.94 | 13-08-2026 |
| 6 | Bruktbil-felle: Her må du følge godt med | 0 | 5 | 08-07-2026 |
| 7 | Dette bør du tenke på når du planlegger vinterløpingen | 0 | 7.9 | 12-10-2026 |
| 8 | Bergen: Voldsoffer hoppet fra sjette etasje for å slippe unna | 0 | 10 | 17-08-2026 |
| 9 | Garasje totalskadd i brann – tre griser brant inne | 0 | 10 | 25-10-2026 |
| 10 | Milsluker – har blitt enda bedre | 0 | 10 | 10-08-2026 |