Prisen blir høg når Kristiansand skal bytte ut hamn med ein ny bydel. No protesterer store industribedrifter på at dei kan få delar av rekninga.
I Kristiansand skal konteinerhavna ut av sentrum. Det blir bygd ny hamn i Kongsgårdsbukta litt lenger aust.
Der konteinerhavna er i dag skal det mellom anna byggast bustader, park og ein ny kanal.
I eit brev til næringslivet varslar Kristiansand havn at dette kan innebere ein prisauke for kundane.
Grunnen er dei store kostnadane ved å flytte konteinerhamna til ein ny stad. Kristiansand havn er usikker på om pengane dei får for å selje dagens hamn er nok til etablere ei ny.
Her i Konsgårdsbukta skal ny konteinerhamn kome. Det er ei kostbar omlegging.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKDet reagerer næringslivet på.
– Det er ikkje vi som har bede om denne flyttinga, seier Nils Gjelsten, administrerande direktør i Glencore Nikkelverk.
Det er ein av dei store industriverksemdene i Agder.
Direktør i Glencore Nikkelverk Nils Gjelsten.
Foto: Siv Kristin Sællmann / NRKGjelsten sende fredag ut eit brev saman med Odd Olsen som er administrerande direktør i Elkem Carbon.
Der uttrykker dei bekymring for at det å bygge ny bydel kan ha ei skuggeside: Auka kostnader for industrien.
– At byen ynskjer å flytte hamna, det kan vi sånn sett forstå. Men vi synest ikkje det er greitt at det er vi som skal betale for delar av den byutviklinga, seier Gjelsten.
Kristiansand havn vil få eit oppgjer når Lagmannsholmen blir bygd ut. Men dei er usikre på om det er nok for å sikre utvikling andre stader.
Illustrasjon: Vizbo/Kristiansand kommune / Kristiansand kommuneI brevet som Kristiansand hamn har sendt til næringslivet, kjem det fram kva som kan bli konsekvensane av den store utbygginga som er i gang:
Brevet blei sendt ut i midten av månaden.
Ny bydelDagens hamn er bygd ut gjennom mange år. Nils Gjelsten påpeikar at også den er finansiert av næringslivet gjennom avgifter.
– Då forventar vi at når vi må flytte, så får vi tilsvarande fasilitetar. Ikkje at vi må begynne å betale for å bygge opp de fasilitetane på nytt, seier Gjelsten.
Han meiner det som skjer føyer seg inn i rekka av auka utgifter for industrien.
– Det er ikkje den siste dropen som gjer at glaset blir fullt. Det er alle dei dropane som ligg i glasset frå før, og det kan du samanlikne med kostnader. Det å operere her i Noreg byrjar å bli farleg dyrt. Og ein ser jo det at det går utover industriarbeidsplassar etter kvart.
Ikkje dyrareHamnedirektør Ate Johannessen skriv i ein e-post fredag at kostnadane ved å flytte ikkje har auka. Uvissa knyter seg til kva dei får for å selje områda der konteinerhamna er i dag.
– Oppgjeret som hamna mottar, vil etter all sannsynlegheit ikkje vere tilstrekkeleg til å dekke kostnadane til sjølve flyttinga og kostnadene til å reetablere funksjonar, svarer han i e-posten.
Flyttinga av hamna vil ifølgje Johannessen gå som planlagt. Planen er at ny konteinerhamn vil stå klar innan utgangen av 2027.
Kva oppgjer Kristiansand havn vil få er så langt ikkje avklart. Det vil kome ei sak i bystyret som avklarer dette.
Publisert 23.10.2026, kl. 16.25
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Nå hagler det med priskutt | 0 | 10 | 19-09-2026 |
| 2 | Børsfall for Nordic Mining – miljørørsla ber Støre gripa inn i Førdefjorden | 0 | 5 | 06-07-2026 |
| 3 | – Folk skrur opp gulvvarmen fordi strømmen er så billig | 0 | 10 | 24-10-2026 |
| 4 | Kjøpefest: Derfor er det priskrig | 0 | 10 | 14-10-2026 |
| 5 | Ny mekling: Kan ramme flytrafikken på Vestlandet | 0 | 10 | 17-08-2026 |
| 6 | [Ekstra] Skroter ammoniakkfabrikk: Kan bane vei for datasenter | 0 | 12.11 | 17-08-2026 |
| 7 | Bygget raste sammen i 2023: Nå vil Norske Skog gjenreise det | 0 | 16.28 | 07-10-2026 |
| 8 | – Vi snur jo steiner hver dag for å spare der vi kan | 0 | 8.4 | 25-10-2026 |
| 9 | Frp vil ha ny oljeskattepakke: – Er dypt bekymret | 0 | 7.16 | 16-05-2026 |