Umoe Mandal har inngått samarbeid med fleire andre verft. Dei ynskjer å levere 30 fartøy til det norske og det britiske forsvaret.
Det nye samarbeidet blei kjent under eit arrangement om forsvarsindustrien måndag.
I samarbeidet inngår Umoe Mandal saman med fem andre norske verft.
Målet å sikre seg ein kjempekontrakt.
– Det kjem til å bli tøff konkurranse, men vi meiner vi er konkurransedyktige, seier Tom Fidjeland, direktør ved Umoe Mandal.
Forsvarsminister Tore O. Sandvik var til stades då det nye samarbeidet blei kjent.
Stort oppdragSamarbeidet er organisert som eit konsortium der fleire selskap inngår. GOT Marine i Mandal er mellom selskapa som er med.
Oppdraget dei er ute etter er å levere 30 kommandobåtar til britiske BAE Systems.
– Det er ein veldig stor kontrakt på fleire milliardar. Utover det er det vanskeleg å sei kva dette betyr, det vil mellom anna avhenge av kor raskt det skal leverast, seier Fidjeland til NRK.
Kommandobåtane er 24 meter lange og kvar båt har ein verdi på rundt 100 millionar ifølgje Dagens Næringsliv som også har omtalt leveransen.
Nye fregattarDet er allereie inngått avtale mellom Umoe Mandal og BAE om å levere kommandobåtane.
Ifølgje Fidjeland er det som gjenstår at BAE Systems igjen får eit slikt oppdrag frå Forsvarsmateriell.
– Men dei er godt posisjonerte for å vinne kontrakten, meiner Fidjeland.
I så fall blir Umoe Mandal og deira konsortium underleverandør av kommandobåtar til BAE Systems.
Forsvarsmateriell er ein etat som ligg under forsvarsdepartementet og som står for innkjøp til Forsvaret.
Publisert 26.10.2026, kl. 13.45
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | [Ekstra] Svak karantenepraksis i Forsvarsmateriell: – Dette ser veldig påfallende ut | 0 | 8.52 | 18-08-2026 |
| 2 | TV-SENDING: Jakter britisk milliardkontrakt | 0 | 35 | 26-10-2026 |
| 3 | [Ekstra] Ny ubåtpartner – må gjennomgå hele langtidsplanen på nytt | 0 | 7.84 | 14-08-2026 |
| 4 | Норвегия намерена поставить Киеву дополнительные ЗРК NASAMS и БПЛА своего производства | 0 | 0 | 12-07-2023 |
| 5 | Великобритания поставит на Украину более 200 единиц бронетехники | 0 | 0 | 18-01-2023 |
| 6 | Regjeringa fredar sjukehusa i Møre og Romsdal | 0 | 8 | 23-09-2026 |
| 7 | Норвегия намерена профинансировать поставки Украине оружия США на сумму $146 млн | 0 | 0 | 05-08-2025 |
| 8 | На Украине заявили о договоренности с Норвегией о дополнительных поставках ЗРК NASAMS | 0 | 0 | 23-05-2023 |
| 9 | Wirtschaftsnews Früh: Mega-Rüstungsdeal mit Kanada | 0 | 5 | 07-07-2026 |