Eit rumensk par i 20-åra er varetektsfengsla etter ei omfattande tjuveribølge mot gullsmedar over store delar av landet, der verdiar for over ein million kroner har forsvunne.
Paret blei pågripe då dei landa på Torp Sandefjord lufthavn 20. oktober.
Mannen (28) var internasjonalt etterlyst etter at bilen hans blei knytt til tjuveri i Trøndelag.
Då paret kom til flyplassen, blei dei gjenkjent frå videoovervaking hos gullsmedane.
Begge er varetektsfengsla i fire veker på grunn av gjentakings- og unndragingsfare.
Erkjenner delvis straffskuldKvinna (27) erkjenner straffskuld for dei tjuveria der ho er fanga opp av overvakingskamera.
– Ho ønsker å bidra til etterforskinga, opplyser forsvararen hennar, advokatfullmektig Nanna Mowinckel Lund i Advokatfirmaet Hasle.
Mannen har erkjent straffskuld for halvparten av dei seks tjuveria i siktinga, men nektar for dei tre andre.
– I retten forklarte han at dei var i Noreg for å jobbe, seier forsvararen til mannen, advokat Frank Gajic Tveit, til NRK.
Tjuvegodset er ikkje funne, og politiet fryktar det allereie er frakta ut av landet.
Gull og smykke for millionarTjuvane har vore svært effektive og fått med seg enorme verdiar. Berre i løpet av to dagar skal para ha slått til mot seks gullsmedar i Trøndelag.
I tillegg forsvann det smykke for store summar frå gullsmeden på Lietorvet i Skien.
– For dei seks tjuveria frå Trøndelag er det aleine snakk om opp mot ein million kroner. Hos Lietorvet er det fleire hundre tusen. Samla sett blir det store verdiar, det er snakk om verdiar i millionklassen, seier politiadvokat Andreas Nyhaug.
Politiadvokat i Sør-Aust politidistrikt, Andreas Nyhaug, meiner dei to fengsla er ein del av eit kriminelt nettverk.
Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRKParet er i tillegg mistenkt for minst fem tjuveri i blant anna Porsgrunn, Arendal, Kristiansand og Voss.
– Dei er jo frykteleg mobile, seier Nyhaug.
Han forklarer at framgangsmåten har vore den same overalt.
– Det er gjerne to personar i butikken. Den eine avleier merksemda, mens den andre tar eit brett frå ein monter, og så forsvinn dei raskt frå staden.
Mista pass på rømmenDen eldste saka til politiet i komplekset er frå gullsmed Pettersen og Snoek i Porsgrunn 5. august. To kvinner blei då tatt på fersken av gullsmeden, men gjorde ein feil då dei stakk av.
– Ho var så klønete at ho mista passet sitt, seier Nyhaug.
Dette passet viste seg å tilhøyre søstera til den no fengsla 27-åringen.
Søstera er no internasjonalt etterlyst, og politiet jaktar på fleire medskuldige i det dei meiner er eit større, vinningskriminelt nettverk.
Politiet meiner den eine har som oppgåve å avleie dei tilsette, mens den andre tar med seg eit brett med varer frå gullsmedane.
Foto: Fredrik Pedersen / NRK– Vi mistenker at det er fleire enn desse to som har vore involvert, enten direkte eller indirekte ved avleiing eller transport, seier politiadvokaten.
Gullsmed Pettersen og Snoek i Porsgrunn blei også utsett for eit grovt ran i fjor.
Politiadvokaten trur ikkje det er nokon samanheng mellom sakene.
– Eg må presisere at vi ikkje knyter desse på nokon som helst måte til ranet i fjor, understrekar Nyhaug.
Publisert 23.10.2026, kl. 12.15
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Chocken: Mötte okänd man i hemmet | 0 | 8.79 | 25-10-2026 |
| 2 | To personar sakna etter båtulykke i Sverige | 0 | 4.98 | 29-07-2026 |
| 3 | Bestulen på gräsklippare – bara kartongen kvar | 0 | 10 | 20-10-2026 |
| 4 | Brutalt människorov: Offret slogs, rånades och fördes till Skåne | -2 | 6 | 13-06-2026 |
| 5 | Drapet i Hurdal: Knivstakk moren 53 ganger | 0 | 10.41 | 01-08-2026 |
| 6 | У берегов Румынии после атаки дронов затонуло судно, погиб моряк | 0 | 4.9 | 23-10-2026 |
| 7 | Våldsamt rån – två får fängelse | 0 | 10 | 17-10-2026 |
| 8 | Beställde tre mordbränder – döms till nio års fängelse | -5 | 7 | 01-07-2026 |
| 9 | The Phone Scammers Next Door | 0 | 13.96 | 18-08-2026 |