Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Seiar myra er éin meter djup: Her forsvinn stonga to meter

Дата публикации: 17-10-2026 06:28:31



Основное содержимое страницы с новостью.

Armeringsjernet er lengre enn Olav Østebø Olsen. Det forsvinn ned i myra. Foto: Eli Bjelland / NRK

Publisert 17. okt. kl. 08:24

– Her er det djupare enn to meter. Det forsvinn med ein gong.

Lokalpolitikaren Olav Østebø Olsen (SV) har med seg eit armeringsjern som han stikk ned i myra på Ekrene i Sveio, heilt sør i Vestland.

Her vil kommunen ha næringsområde. I vedtaket står det at myra er éin meter djup. Men georadarmålingar viser at ho er opptil fire-fem meter på det djupaste.

Ei utbygging vil innebera store klimagassutslepp og også påverka dyre- og planteliv. Likevel er ikkje det store myrområdet kartlagd etter naturmangfaldlova.

– Eg er uroa for alt som lever her, som me ikkje veit kva er, seier Olsen.

MYR MOT MASKIN: Den lokale SV-politikaren Olav Østebø Olsen kjempar mot utbygging av eit stort myrområde på Ekrene i Sveio. Foto: Eli Bjelland / NRK

Manglar kunnskap og risikerer store klimagassutslepp

Regjeringa har gitt tydelege signal om at nedbygging av myr i Noreg må stansast eller reduserast kraftig. Dei peikar på tre hovudgrunnar:

Regjeringa har sidan 2023 jobba med eit nasjonalt forbod mot nedbygging av myr. Eit forslag er ute på høyring, med frist 1. november.

Det er enno uklart kva tid det kjem eit forbod og korleis det vil sjå ut.

I 2024 vedtok Sveio kommune at eit område med 52 dekar myr skal byggast ut til næringsområde, slik reguleringsplanen frå 2008 opnar opp for.

– Me følger føringane som no gjeld på myr i dei nye planane me lagar. Den gongen var ikkje det aktuelt, seier varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp).

– Det er krevande for kommunar viss me ikkje skal få lov til å driva etter gamle kommuneplanar. Å planlegga næringsområde tar lang tid. Og viss me heile tida skal endra spelereglane for langsiktig arbeid og det har tilbakeverkande kraft, er kommunane sjakk matt.

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) meiner det er heilt naturleg at dei brukte ein reguleringsplan frå 2008 då dei vedtok utbygging av myra, og viser til at dette er snakk om langsiktig arbeid. Foto: Eli Bjelland / NRK

Statsforvaltaren i Vestland klaga først på vedtaket på Ekrene i Sveio. Både dei og seinare settestatsforvaltar i Rogaland har fleire innvendingar:

Det er vått og vanskeleg å gå på myra på Ekrene. Foto: Eli Bjelland / NRK

Departementet vil ikkje gripa inn

Statsforvaltaren bad i fjor Kommunal- og distriktsdepartementet om å vurdera å bruka statlege verkemiddel for å hindra nedbygging av myra på Ekrene.

Svaret kom nyleg, og departementet slår fast at dei ikkje vil gripa inn.

– Det er ikkje noko generelt byggeforbod på myr i dag. Me meiner det vil skapa stor uføreseielegheit dersom departementet skal byrja å gripa inn med eit forbod i enkeltsaker, seier statssekretær Sigrid Ina Simonsen i Kommunal- og distriktsdepartementet.

– Det å gripa inn med statleg byggeforbod er eit verkemiddel som svært sjeldan blir brukt og terskelen både er og skal vera veldig høg.

Sist gong var på det sivile næringsområdet i Huggenesskogen ved Rygge flystasjon i Moss i 2023. Då blei eit statleg byggeforbod brukt for å ivareta nasjonale og allierte tryggingsinteresser.

Statssekretær Sigrid Ina Simonsen i Kommunal- og distriktsdepartementet. Foto: KDD/Magnus Skaara Drabløs

Sabima: – Naturen taper gong på gong

– Det er jo merkeleg at departementet ikkje grip inn når regjeringa har lagt såpass mange føringar på korleis ein skal forvalta naturen vår, meiner Gaute Widerøe Sælen-Hennig, som er politisk rådgivar i miljøorganisasjonen Sabima.

Han har lese dokument i saka, kor statsforvaltaren peikar på at ei utbygging her vil føra til store klimagassutslepp. Ifølgje Sælen-Hennig burde vedtaket vore stoppa lenge før det kom til departementet.

– Me står i ei natur- og klimakrise. Og for å stansa tapet av naturmangfald som skjer dagleg, kan me ikkje fortsetta å bygga ned område som dette myrområdet på Ekrene.

I vår kom Riksrevisjonen med ein rapport som viser at kommunar har for lite kunnskap om naturmangfald og konsekvensen av avgjerdene dei tar.

– Saka i Sveio er eit godt døme på dette. Resultatet er at naturen taper gong på gong, og me bygger ned naturen bit for bit.

Ifølgje Gaute Widerøe Sælen-Hennig i Sabima er allereie ein tredel av myrene i Noreg allereie øydelagde. – Då må me i alle fall prøva å ta vare på dei områda med myr som er igjen. Foto: Audun Torsdalen / NRK

Varaordførar: – Me har mange myrer å ta av

Det er framleis uklart om myra på Ekrene blir fjerna eller skjerma.

Statsforvaltaren i Rogaland var settestatsforvaltar i saka, men har no bede digitaliserings- og forvaltningsdepartementet om å oppnemna ein ny settestatsforvaltar.

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) trur slaget er tapt.

– Me taper ganske mange millionar kroner viss utbygginga no blir stoppa.

– Men så sparer ein ei myr?

– Ja, og kva så? Me har mange myrer å ta av i denne kommunen. Det kan jo vera eit poeng, men samtidig betyr det at me ikkje får bygd ut næringsområdet me treng.

Roald Østensjø, som er leiar i Naturvernforbundet Haugalandet, er i myra på Ekrene for første gong.

– Eg ser jo at det er eit rikt mangfald av planter. Og hadde det vore sommar, så hadde det vore yrande liv av insekt og fuglar her. For dette er jo natur som har lege her i tusenvis av år.

Roald Østensjø i Naturvernforbundet Haugalandet. Foto: Eli Bjelland / NRK

Olav Østebø Olsen (SV) er skuffa over at verken politikarkollegaer i kommunen eller Staten ikkje har stoppa utbygginga.

– Fleirtalet av politikarane vil tillata utbyggingar så lenge Staten lar dei sleppa unna med det. Og det gjer meg betenkt at departementet no ikkje set seg imot at det blir bygd ut her.

Olav Østebø Olsen (SV) reagerer sterkt på at det ikkje er gjort systematisk kartleggingar av naturen i myra. Foto: Eli Bjelland / NRK

Publisert 17. okt. kl. 08:24

Tilknyttede emner til denne saken

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Emil kuppa utskjelt kuppel09.1115-10-2026
2Шла девушка, шла шла...02.512-08-2026
3Πepeвёpнутый κpaтep в peгиοнe Αpaвия Τerra нa Μapce Cοcтaвляeт οκοлο ...06.3517-10-2026
4На Урале девочка утонула во время купания в реке-5506-07-2026
5Попавшую в опасную для жизни ловушку россиянку спасли5705-07-2026
6Ikkje nøgd med Lyse sine kraftplanar i Øvre Suldal01023-09-2026
7[Ekstra] Fikk den digre brua nesten inn på balkongen01016-08-2026
8Försvunnen kvinna hittad0514-07-2026
9Учитель ценой жизни спас девочку из воды01014-08-2026
10Försvunnen kvinna hittad efter sökinsats0527-05-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 8.26. Источник: www.nrk.no.