Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Stats­forvaltaren i Oslo får kritikk etter at soldat tok sitt eige liv

Дата публикации: 25-09-2026 15:03:38

Sivilombodet meiner Statsforvaltaren i Oslo og Akershus braut lova då dei skulle følgje opp dødsfallet.

Основное содержимое страницы с новостью.

NRK har tidlegare fortalt historia om 20 år gamle Jakob Høsøien frå Tynset. Han tok sitt eige liv då han var elev ved Krigsskolen.

Foreldra til Jakob, Sissel Bolstad og Torger Høsøien, har i tida etterpå stilt ei rekkje spørsmål om korleis Forsvaret følgde opp den unge soldaten.

Gjorde dei nok for å ta vare på Jakob i forkant av sjølvmordet?

For foreldra er det viktig å få svar på dette for å hindre at noko liknande skal kunne skje igjen.

Saka har i ettertid blitt undersøkt både av Norsk pasientskadeerstadeerstatning (NPE), og av Forsvaret sjølv.

I to uavhengige rapportar har sakkunnige frå NPE slått fast at behandlinga Høsøien fekk, ikkje var i tråd med god medisinsk praksis.

Samstundes har Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus ført tilsyn med saka.

Dei kom til motsett konklusjon.

Minnene er gode etter livet med Jakob, seier Sissel Bolstad: – Han var ein glad gutt frå han var bitte liten. Han var der det skjedde, høgt og lågt. Han var nysgjerrrig, tillitsfull og viljesterk.

Ulovleg lang sakshandsaming

No kjem Sivilombod Hanne Harlem med krass kritikk av Statsforvaltaren.

For det er Statsforvaltaren sine ekspertar som har i oppdrag å passe på at helsevesenet og Forsvaret følgjer reglane, og hjelper folk slik dei skal.

Og å straks sjekke om alle retningslinjer vart følgde etter alvorlege hendingar.

Men Sivilombodet meiner Statsforvaltaren brukte ulovleg lang tid på gjennomføre tilsynet.

Sivilombod Hanne Harlem

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Sivilombod Hanne Harlem

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Ifølge Pasient- og brukerrettighetslova skal saker der liv og helse kan vere i fare, undersøkjast «snarast mogleg».

Likevel brukte Statsforvaltaren over tre månader berre på å sende eit første brev til Forsvaret. Totalt brukte dei nesten to år og to månader på å bli ferdige.

I ein uttale datert 26. juni, slår Hanne Harlem fast at

– Vi tar Sivilombodet sin kritikk til etterretning, skriv Thea Belseth i ein e-post til NRK.

Ho er avdelingsdirektør i helseavdelinga hos Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus

– Vi meiner Sivilombodet si fråsegn er svært alvorleg, seier foreldra til Jakob.

Sissel Bolstad og Torger Høsøien er klare på at tilliten til Statsforvaltaren som tilsynsmyndigheit er sterkt svekka.

– For oss som foreldre er det vanskeleg å forstå at ei sak som gjeld alvorlege spørsmål om pasientsikkerheit etter eit sjølvmord, kunne bli liggjande så lenge utan ei tilstrekkeleg og reell undersøking, seier dei.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Foto: Arne Sørenes / NRK

Ignorerte vurderingar om behandlingssvikt

Ombodet meiner også at det er tvil om at saka overhovudet var tilstrekkeleg undersøkt for å avklare om pasienttryggleiken i Forsvaret var i fare.

For det var Forsvaret sjølv som slo fast at helsehjelpa Jakob fekk var tilstrekkeleg.

Denne vurderinga slo Statsforvaltaren seg til ro med.

Sivilombodet meiner dette var utilstrekkeleg.

Særskilt sidan det låg føre to sakkyndigvurderingar frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE) som begge konkluderte med at oppfølginga Jakob fekk, ikkje var i tråd med god medisinsk praksis.

Sivilombodet understrekar at Statsforvaltaren som uavhengig organ burde ha undersøkt dette nærare.

Jakob sende ofte bilete heim til foreldra mens han var i Forsvaret. Dette fekk mor Sissel Bolstad då han var i Rena leir.

Jakob sende ofte bilete heim til foreldra mens han var i Forsvaret. Dette fekk mor Sissel Bolstad då han var i Rena leir.

Uforsvarleg grunngjeving til dei pårørande

Sivilombodet slår også fast at tilbakemeldinga dei pårørande fekk, ikkje var i tråd med krav i lova.

Statsforvaltaren svara ikkje på om det var avdekka risiko for svikt i helsetenesta i Forsvaret.

Heller ikkje korleis tiltak hos Forsvarets sanitet skulle redusere framtidig risiko for pasienttryggleiken.

Sivilombodet ber difor Statsforvaltaren om å vurdere om det er behov for ytterlegare undersøkingar i saka, og uansett gi dei pårørande ein dekkande og forståeleg grunngjeving.

1. september i år, same dag som svarfristen gjekk ut, svarar Statsforvaltaren i eit brev til Sivilombodet at dei jobbar med saka.

– Det går no føre seg ein prosess der saka blir gjennomgått på nytt, for å avklare om det er behov for ytterlegare undersøkingar, skriv Statsforvaltaren i brevet.

Sissel Bolstad er mor til Jakob.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Sissel Bolstad er mor til Jakob.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Den same formuleringa blir brukt av avdelingsdirektør Thea Belseth i ein e-post som svar på NRK sitt spørsmål om kva Statsforvaltaren no vil gjere vidare.

Det får Jakob sine foreldre til å reagere:

– Vi synest det er svært beklageleg at det også etter Sivilombodet si klare fråsegn har vore naudsynt å vente på ei ny handsaming og grunngjeving. Når Sivilombodet allereie har peikt på alvorlege manglar ved sakshandsaminga, meiner vi at det er svært viktig at Statsforvaltaren no viser at dei tek kritikken på alvor og arbeider grundig og raskt, seier dei.

Sissel Bolstad og Torger Høsøien forventar at ei ny undersøking gjer meir enn berre å forklare eller gjenta dei vurderingane som alt er gjort.

– Den må vise at dei konkrete spørsmåla som Sivilombodet har reist, faktisk er undersøkte på nytt, seier dei.

Publisert 25.09.2026, kl. 17.03

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Kan bli ulovlig å røyke på holdeplasser i Oslo05.3428-09-2026
2Oslofjorden: Her får miljøvernministeren se at det er håp07.2828-09-2026
3Eksplosjon på Økern – en person lettere skadet05.2902-10-2026
4Overgrepssiktet lærer løslates – utvider siktelsen08.5730-09-2026
5Flere vekket av kirkeklokker i Oslo05.1326-09-2026
6Rælingen «gjorde veldig mye rart», så fikk han hjemmelekser av sjefen09.2701-10-2026
7Dieselbrølet på vei mot Oslo06.102-10-2026
8Brann i flere biler i Oslo06.3427-09-2026
9Allerede i rundkjøringa ser jeg at folk er forbanna05.9725-09-2026

Классификация: Происшествия. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 7.9. Источник: www.nrk.no.