Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Klar oppfordring: Ta frå kommunane retten til å bestemme i strandsona

Дата публикации: 25-09-2026 12:10:45

Fleire store organisasjonar vil at staten må få meir makt over utbygginga i strandsona.

Основное содержимое страницы с новостью.

Før sommaren la regjeringa fram den nye planen sin for korleis dei vil redde den kriseramma Oslofjorden.

Håpet er at omfattande restaureringsprosjekt skal snu den kritiske miljøtilstanden i fjorden.

Korleis?

  • Redusere utslepp frå avløp og landbruk
  • Stanse nedbygging i strandsona
  • Verne sårbare artar gjennom omfattande fiskerestriksjonar.

No ber ei rekke organisasjonar og myndigheiter om at regjeringa får gassen i botn.

Reaksjonane renn inn

I mange år har bygging i strandsona vore eit konfliktfylt tema mellom hytteeigarar, utbyggarar og kommunane, særleg rundt Oslofjorden.

Nokre stader er det så betent at sakene har gått til Høgsterett, og nokon har bede om eit eige strandsonepoliti.

No er planane ute på høyring. Og reaksjonane er mange også her.

Nesten 150 privatpersonar, interesseorganisasjonar og myndigheiter sagt sitt. Og det er før kommunane langs Oslofjorden har sagt kva dei meiner om saka.

Vil fjerne retten til kommunen

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås meiner kommunane må miste retten til å bestemme i strandsona.

– Historiske data har vist at kommunane ikkje evnar å avgrense nedbygging av strandsona, skriv rektor Solve Sæbø til regjeringa.

Også forskingsmiljøet ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) kastar seg på debatten.

Dei peikar på at strandsona framleis blir bygd ned bit for bit, særleg fordi kommunane seier ja til dispensasjonar i heile 40 prosent av sakene.

– Vi meiner hovudutfordringa ikkje er mangel på mål eller gode intensjonar, men at dagens verkemiddel ikkje alltid gir tilstrekkeleg gjennomføringskraft, seier forskar Annette Bischoff ved universitetet til NRK.

Ho har blant anna jobba med menneskets forhold til natur og friluftsliv.

– Dette handlar ikkje om å stoppe all lokal utvikling, men om å sørge for at dei mest verdifulle områda blir forvalta på ein måte som tar vare på naturen og den allmenne tilgangen over tid.

KREV MEIR: Annette Bischoff jobbar som forskar ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Foto: Britt Boyesen / NRK
Ressursane som aldri kom

Også Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er tydeleg på at oppfølginga av byggeforbodet ute i kommunane ikkje har vore bra nok.

Dei får framleis mange dispensasjonssaker frå kommunane og ser at det blir lagt opp til stor omdisponering av strandsoneareal i kommunale planar.

Statsforvaltaren meiner også at det i førre Oslofjordplan blei lova ressursar til dispensasjonspraksisen i kommunane, men at dette aldri blei gjennomført.

Sjølv om mange har sagt sitt i høyringsrunden, står kommunane og fylkeskommunane i og rundt Oslofjorden igjen. Dei har høyringsfrist 15. oktober.

NULLFISKE: Her annonserer regjeringa at dei vil ha fleire store nullfiskeområde i Oslofjorden. Bildet er frå Husøy i Tønsberg, sommaren 2025.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Publisert 25.09.2026, kl. 14.10

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Oslofjorden: Her får miljøvernministeren se at det er håp07.2828-09-2026
2Trapper opp togstreiken fra mandag01029-09-2026
3Alla partier säger ja till cykelväg – nu vill aktionsgruppen se konkret plan09.0303-08-2026
4– Det går an å bygge uten å være millionær07.917-09-2026
5Dobbeltdrapet i Ski: Anker frifinnelse05.9228-09-2026
6INSÄNDARE: Återställ busshållplatserna08.5227-09-2026
7DEBATT: Varför ska kommuner säga ja till mer vindkraft?01019-09-2026
8DEBATT: Tidö tydligaste alternativet för stabil styrning01021-09-2026
9INSÄNDARE: Låt familjerna få lite andrum08.7126-09-2026
10Fleire vil lagre atomavfall: Vekker oppsikt internasjonalt09.1826-09-2026

Классификация: Экономика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 8.46. Источник: www.nrk.no.